TUSENKUNST?

Velkomen inn til meg og sjå!





torsdag 17. desember 2009

STAKKAR

Stakkane eg lagar er i ulike fargar og stoff. Ingen er heilt like. Dei er utvikla etter inspirasjon av folkedrakter i Vest-Telemark. Dei kan brukast i ulike samanhengar; til fest eller meir uhøgtidleg. Det du har inni eller inntil, kan variere etter lyst og humør. Skjorte, genser, T-skjorte.... belte, band, forkle, skjerf, smykker, sokkar, sko, hovudplagg......det gjeld å finne si form...
Stakken har elastikk inni livstaden, så ein kan saktens eta seg mett i selskapet... stakken har og to gode lommer så du slepp veske om du ynskjer det.

STAKKEPARADE


Her er eit utvalg stakkar og tova hattar frå ei utstilling.

STAKKERYGGAR

Ryggen på stakken er inspiret av midtpartiet på ryggen til Vest-Telemark-drakta.

ULIKE FARGAR


Her er ein svart stakk i lett ull.
Her ser du og litt av ressurslageret bak.

RAUDSTAKK



Denne er i raud ull. Gulgrøn baug i livet. Stakkane har to gode lommer.

NISSESOKKAR


Fjosnissar må ha stripesokkar.
Nokon svergjer til det raud-grøne.

onsdag 9. desember 2009

KROT


Eg likar å krote. Heile livet har eg krota. Papp, papir, blyantar, pennar, penslar innbyr meg til bruk. Er pennoman, samlar på papir, kastar ikkje skribleri utført på lappar, aviser osv medan ein snakkar i telefon, lyttar på radio o.l. Her har eg laga eit "sammensurim"(collage...) av gamalt krot.

fredag 4. desember 2009

JOLENISSAR


Inga jol utan nissar.

Her er eit par saman med vesle katten sin


AKVARELL PÅ BOKS

DETALJ PÅ AKVARELLBOKS

TIL OPPMUNTRING

FILTVESTAR

FILTVESTAR

STAKKAR

STAKKAR

ØYREDINGEL

ØYREDINGEL

AKVARELLBOKSAR

AKVARELLBOKSAR

Følgere