TUSENKUNST?

Velkomen inn til meg og sjå!





torsdag 17. desember 2009

STAKKAR

Stakkane eg lagar er i ulike fargar og stoff. Ingen er heilt like. Dei er utvikla etter inspirasjon av folkedrakter i Vest-Telemark. Dei kan brukast i ulike samanhengar; til fest eller meir uhøgtidleg. Det du har inni eller inntil, kan variere etter lyst og humør. Skjorte, genser, T-skjorte.... belte, band, forkle, skjerf, smykker, sokkar, sko, hovudplagg......det gjeld å finne si form...
Stakken har elastikk inni livstaden, så ein kan saktens eta seg mett i selskapet... stakken har og to gode lommer så du slepp veske om du ynskjer det.

STAKKEPARADE


Her er eit utvalg stakkar og tova hattar frå ei utstilling.

STAKKERYGGAR

Ryggen på stakken er inspiret av midtpartiet på ryggen til Vest-Telemark-drakta.

ULIKE FARGAR


Her er ein svart stakk i lett ull.
Her ser du og litt av ressurslageret bak.

RAUDSTAKK



Denne er i raud ull. Gulgrøn baug i livet. Stakkane har to gode lommer.

NISSESOKKAR


Fjosnissar må ha stripesokkar.
Nokon svergjer til det raud-grøne.

onsdag 9. desember 2009

KROT


Eg likar å krote. Heile livet har eg krota. Papp, papir, blyantar, pennar, penslar innbyr meg til bruk. Er pennoman, samlar på papir, kastar ikkje skribleri utført på lappar, aviser osv medan ein snakkar i telefon, lyttar på radio o.l. Her har eg laga eit "sammensurim"(collage...) av gamalt krot.

fredag 4. desember 2009

JOLENISSAR


Inga jol utan nissar.

Her er eit par saman med vesle katten sin

lørdag 21. november 2009

FYRIJOL I VERKSTADEN

Mørketid og grått og vått novemberver har gjevi høve til å lage varer til jolesalget.Her er nokon av produkta:

SNURREBASSAR OG AKVARELLKORGER



fredag 13. november 2009

HAND I LUVA

Å stå med luva i handa er ei audmjuk handling. Her er luva jordnær med handa som vernar om "det store i det små".

fredag 30. oktober 2009

FINNE ROM OG RO


Det er ei stille tid. Mørkret tek meir og meir plass. Mørketid. Det kjem ro i kvardagen. Det er godt å vera med i dette som ein del av naturen. Kjenne på livet, vera tilstades i det. Fantastisk!

søndag 25. oktober 2009

SVIGERDOTTER SIN BLOGG

Det var slik eg kom inn i bloggverda. Såg Ebba sin blogg. Fann at det var ein positiv møteplass og ein god måte å kommunisere tankar og idear på. Så kom eg i gang, men eg er ingen klyppar med data og gjer masse rart på vegen. Men ein lærer med å gjera. No har eg lyst til å invitere andre inn til Ebba sin blogg. Ho er ei prima jente som heldigvis er mamma til mine barnebarn.
Bloggen er: håljuteberget.blogspot.com

fredag 23. oktober 2009

FUGLANE VITA


Og her ein liten filta påskefugl.

BUE


BUE frå ein annan vinkel, teke under opninga i påske i år.

tirsdag 20. oktober 2009

FYNDORD

Her er eit kort med fyndord som fortel noko
om innstilling til medmenneske og utfalding.
Meinar det er viktig å vera seg og la andre vera seg.
Gjensidig respekt, det å gje kvarandre rom. Ein hyllest til mangfald og utfalding av ibuande evner til ein frodig og varm fellesskap. Oppmuntring til sjølvtillit og eigenskaping.

mandag 19. oktober 2009

SNIKKAR OG LAXAMAN'


Kjempebra! Lykke til videre!

Hilsen
Laksemannen


AKVARELL PÅ BOKS

DETALJ PÅ AKVARELLBOKS

TIL OPPMUNTRING

FILTVESTAR

FILTVESTAR

STAKKAR

STAKKAR

ØYREDINGEL

ØYREDINGEL

AKVARELLBOKSAR

AKVARELLBOKSAR

Følgere